Sliping og polering av tenner og komposittmateriale kan gi ultrafine partiklar og komposittfragment. I det nystarta Dentex-prosjektet ved STAMI skal forskarar undersøke om innanding av partiklar som blir frigjort ved sliping av kvitt tannfyllingsmateriale, kan utgjere ein helsefare for tannlegar, tannpleiarar og tannteknikarar.
Undersøker effekt på lungeceller
I ein nyleg publisert forskingsartikkel frå prosjektet karakteriserer forskarane støv frå polymerbasert tannfyllingsmateriale danna under sliping med forskjellige tannlegebor. I tillegg har dei undersøkt partikkelopptak og potensielle effektar i menneskelege lungeceller.
Laboratorieforsøka med sliping og polering av komposittmateriale som blir brukt i tannbehandlingar, viste at det vart danna relativt høge nivå av partiklar. Analysar av prøvane med eit avansert mikroskop viste at meir enn 80 prosent av partiklane hadde ein minimumdiameter mindre enn 1 mikrometer (µm). Dei fleste partiklane var i storleiksområdet 15-35 nanometer (nm), det vil seie i same storleiksskala som nanopartiklar. 1 nanometer = 0,001 mikrometer
Det er bekymring for helseeffektar av nanopartiklar sidan det er svært sannsynleg at dei blir avsette djupt i lungene. Celleforsøk i humane lungeceller viste at dei høgaste dosane hadde toksiske effektar på lungeceller, og at partiklane vart tatt opp i cellene.
− Konklusjonen er at sliping av tenner med komposittmateriale kan føre til frigjering av partiklar og nanopartiklar. Langvarig og hyppig eksponering for desse partiklane kan ha negative helseeffektar for tannhelsepersonell, seier Shan Narui, seniorforskar og gruppeleiar på STAMI. Han legg til at det finst lite forsking på feltet.
