IA-avtalen heldt fleire i jobb etter sjukefråvær
Å arbeide i ei IA-verksemd auka sannsynet for å bli verande i jobb, og for å kome tilbake i jobb, etter sjukefråvær lenger enn 16 dagar.
Det viser ein ny studie frå STAMI og Oslo universitetssjukehus, av nesten 190.000 personar med sjukefråvær.
Avtalen mellom regjeringa og partane i arbeidslivet om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen), vart først signert i 2001. Målet med avtalen er å redusere sjukefråvær og å halde flest mogleg i arbeid.
Denne nye studien viser for første gang effektar av IA-avtalen, med storskala registerdata, der fleire effektar blir studert på same tid.
20 år med IA-avtale
I den første IA-avtalen forplikta verksemder seg til å arbeide systematisk for å redusere sjukefråværet og fråfallet frå arbeidslivet, mellom anna gjennom å styrke arbeidsmiljøet for å førebygge sjukdom.
IA-verksemdene fekk då tilgang til fleire verkemiddel for å redusere og hindre sjukefråvær. Mellom anna støtte frå regionale arbeidslivssenter i NAV. Allereie i 2004 var 55 prosent av sysselsette i Noreg tilsette i IA-verksemder.
Avtalen har blitt vidareutvikla over fleire år. Den noverande avtalen gjeld ut 2024. Dei siste utgåvene av IA-avtalen er ikkje med i denne studien.
På bakgrunn av helsedata og data frå NAV har forskarane nytta statistiske metodar for å studere årsakssamanhengar mellom IA-status og sjukefråvær.
Fleire dagar i arbeid
– Studien viser at det å arbeide i ei IA-verksemd ved starten av sjukefråværet, auka sannsynet for å kome tilbake i jobb etterpå, og å bli verande i arbeid. I løpet av det første året etter at sjukefråværet starta, hadde tilsette i IA-verksemder også i gjennomsnitt 8,4 fleire dagar i arbeid enn dei som ikkje var i IA-verksemder, seier Ingrid Sivesind Mehlum, overlege og leiande seniorforskar ved STAMI.
Dei har også funne at tilsette i IA-verksemder hadde dessutan i gjennomsnitt 7,6 færre dagar på fulltidssjukefråvær i løpet av det første året, og 1,6 færre dagar utanfor arbeid på arbeidsløyse aller andre grunnar.
– Eit anna interessant funn var at IA-avtalen ser ut til å ha større effekt på menn enn på kvinner, og at effekten også varer lenger for menn enn for kvinner, seier Sivesind Mehlum.
Å arbeide i ei IA-verksemd ved starten av sjukefråværet, auka sannsynet for å kome tilbake i jobb etterpå, og å bli verande i arbeid.
I løpet av det første året etter at sjukefråværet starta, hadde tilsette i IA-verksemder i gjennomsnitt 8,4 fleire dagar i arbeid enn dei som ikkje var i IA-verksemder.
Tilsette i IA-verksemder hadde dessutan i gjennomsnitt 7,6 færre dagar på fulltidssjukefråvær i løpet av det første året, og 1,6 færre dagar utanfor arbeid på arbeidsløyse aller andre grunnar.
Studien viser at IA-avtalen hadde større effekt for menn enn for kvinner og meir langvarig effekt for menn, utover det første året.
Menn i IA-verksemder brukte gradert sjukefråvær litt meir enn andre menn, men forskjellen var liten.
IA-avtalen hadde også større effekt for tilsette med muskel- og skjelettdiagnosar eller med psykologiske diagnosar knytt til sjukefråværet.
Slik er metoden
Forskarane brukte registerdata frå ein kohort med alle 626.928 personar fødd i Noreg mellom 1967 og 1976. Frå denne kohorten vart personar inkludert i studien i det dei starta eit fulltidssjukefråvær over 16 dagar. Dette var 187.930 personar, som vart deltakarane i studien. Desse vart registrert med IA-statusen til arbeidsplassen.
For å kunne finne årsakssamanhengar mellom sjukefråvær og IA-avtalen, har forskarane nytta statistiske og kausale metodar for storskala registerdata, mellom anna multistate-modellar.
Forskarane har tatt høgde for ei rekke forskjellar mellom arbeidarar og verksemder med og utan IA-avtale. Desse inkluderer forskjellar i kjønnssamansetjing, alder og utdanningsnivå hos arbeidarane, type og storleik på verksemda, samt kva for landsdel verksemda ligg i.
Les vitenskapelig artikkel
Innlegget IA-avtalen heldt fleire i jobb etter sjukefråvær dukket først opp på STAMI.