STAMI leiar kurs om eksponeringsdata i arbeidshelseforsking

STAMI leiar kurs om eksponeringsdata i arbeidshelseforsking

I april kan alle som forskar på arbeidsmiljø og arbeidshelse delta på NIVA-kurs i Oslo, om bruk av yrkeseksponeringsmatriser i arbeidshelseforsking.

23 prosent av dei sysselsette i Noreg oppgir at dei er utsett for støv, røyk, gass, damp, eksos eller andre kjemikaliar på jobb. Og det er viktig for samfunnet at vi har god kunnskap om korleis slike eksponeringar kan påverke arbeidstakarar sin helse og arbeidsevne.

Det er fleire måtar å studere førekomstar, årsaker og konsekvensar av kjemikaliar i arbeid.

Registerdata er ein verdifull ressurs for epidemiologisk forsking på arbeidshelse i dei nordiske landa. Desse registrera kan innehalde detaljert informasjon om arbeid, helse og demografi for heile den yrkesaktive befolkninga, og omfattar derfor langt meir enn undersøkingsdata.

Kan styrke epidemiologisk forsking

Ei ulempe med registerdata er at dei ikkje gir direkte informasjon om yrkeseksponering. Og nettopp derfor er yrkeseksponeringsmatriser viktig.

– Yrkeseksponeringsmatriser kan vere nyttige verktøy for å supplere registerdata med indirekte eksponeringsdata, og slik gjere registerdata endå meir nyttig i yrkesepidemiologisk forsking, seier Ragnhild Beate Strand Østrem, som arbeider med yrkeseksponeringsmatriser ved STAMI.

Yrkeseksponeringsmatriser er også ofte brukte saman med undersøkingsdata om yrkeshistorikk for å få fram eksponeringshistorikk.

28. og 29. april arrangerer NIVA kurset Occupational Health Research Using Job Exposure Matrices, om yrkeseksponeringsmatriser i forsking om arbeidshelse.

Kurset er i Oslo, og påmeldingsfristen er 12. mars.

Nyttig for mange

Deltakarane vil lære å bruke og vurdere yrkeseksponeringsmatriser for å støtte forsking på arbeidshelse.

Strand Østrem skal leie NIVA-kurset i Oslo, og har mål om at kurset skal vere nyttig for mange.

– Vi vil at kurset skal bidra til å styrke arbeidet med å betre arbeidsforhold, redusere sjukdom og fremje trygge og helsefremjande arbeidsplassar, noko som bidreg til berekraftige arbeidsmarknader og sikrar eit godt og trygt arbeidsmiljø, seier Strand Østrem.

Deltakarane kan vente seg oppdatert og grundig kunnskap om yrkeseksponeringsmatriser, relevansen det har i forsking på arbeidshelse, og at slike data kan vere nyttig på tvers av land, og på denne måten styrke forskingssamarbeidet i Norden.

Innlegget STAMI leiar kurs om eksponeringsdata i arbeidshelseforsking dukket først opp på STAMI.