Kongen vi takkar for

Kongen vi takkar for

På vegner av SAFE vil eg uttrykkje vår djupaste medkjensle med den kongelege familien og alle som no sørgjer over kongens bortgang.

Kong Harald var ein folkekonge. Han hadde ei unik evne til å møte menneske med respekt, anten det var statsleiarar, industriarbeidarar, fiskarar eller offshoretilsette. Mange i olje- og gassnæringa vil minnast hans interesse for ei næring som gjennom generasjonar har vore med på å byggje det moderne Noreg.

Kong Harald viste gjennom heile si gjerning interesse for norsk olje- og gassverksemd og den betydninga næringa har hatt for landet vårt. Eit tydeleg uttrykk for dette var då han stod for den offisielle opninga av Norsk Oljemuseum i Stavanger 20. mai 1999. Gjennom besøk til installasjonar, møte med tilsette og interesse for næringa synte han respekt for menneska som har vore med på å byggje den norske olje- og gasseventyret.

Kong Harald levde gjennom heile oljealderen og fekk sjå korleis næringa utvikla seg til å bli ein berebjelke i det norske samfunnet. Samstundes var han alltid oppteken av menneska bak verdiane. Det gjorde inntrykk på mange av våre medlemmar.

I dag bøyer vi hovuda i takksemd for ein konge som tente landet med verdigheit, varme og integritet. Valgspråket hans, «Alt for Noreg», var ikkje berre ord, men noko han levde etter gjennom heile sitt liv som monark.

Kong Harald etterlet seg eit Noreg som han har vore med på å forme gjennom klok leiing, samlande ord og eit ekte engasjement for folket sitt. Han vil bli hugsa med respekt og takksemd langt utover si eiga tid.

Vi lyser fred over minnet til Kong Harald V.

Raymond Midtgård
Forbundsleiar, SAFE

Innlegget Kongen vi takkar for dukket først opp på SAFE.