Ugunstige arbeidstider
Dei fleste som jobbar innan persontransport jobbar på ukurante tider. Dei viktigaste negative konsekvensane av skift- og nattarbeid på kort sikt er søvnforstyrringar og auka risiko for arbeidsulykker.
På lang sikt kan skiftarbeid før til psykiske plager, muskel- og skjelettplager og hjarte-karsjukdom.
– God planlegging av skiftplanar kan bidra til å redusere belastninga av å jobbe skift. Tiltak vi veit virke er å ikkje ha meir enn tre vaktar på rad, minst 11 timar mellom vaktene og vaktene bør ikkje vare meir enn ni timar, seier Elisabeth Goffeng, forskar ved STAMI og prosjektleiar for ‘Ein bra dag på jobb’,
Risiko for ulykker og skadar
Persontransport inneber risiko for personskade og død. Å vite at eigne feil kan sette eige eller andre sine liv i fare kan vere ei psykisk belastning.
– Opplæring og trening er viktig for å kunne utføre arbeidsoppgåvene sikkert. Det er også viktig at leiarane skaper ein tryggingskultur ved at dei kommuniserer tydeleg at tryggleik er prioritert i verksemda, seier Stein Knardahl, professor ved STAMI.
Vanskelege kundesituasjonar
Når ein jobbar med passasjertrafikk kan ein hamne i utfordrande situasjonar der du som tilsett blir utsett for truslar, vald eller uønskt seksuell merksemd.
– Stadige konfliktar med kundar bidrar til lågare jobbtilfredsheit og jobbtilhørighet og kan i mange tilfelle føre tile t ønske om å slutte i jobben. Da blir det ekstra viktig med gode rutinar for rapportering og ein kultur for å snakke om ting, seier Håkon Johannesen, forskar ved STAMI.
God investering
STAMIs arbeidsmiljøverktøy ‘Ein bra dag på jobb’ skal hjelpe tilsette som jobbar med persontransport til å få betre arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær.
Eit godt arbeidsmiljø kan bidra til å førebygge mykje av fråværet som er relatert til arbeidet i denne bransjen.
– Dette er ei god investering som vil påverke motivasjonen til dei tilsette og helse, men også arbeidsflyten og produktiviteten for verksemda, seier Elisabeth Goffeng.
‘Ein bra dag på jobb’ for rutebuss og persontrafikk finn du her: