Verda står midt i ein omstillingsprosess som handlar om å auke verdiskapinga og samstundes få mindre samla miljøpåverknad og betydeleg lågare klimautslepp – det grøne skiftet.
Den grøne sektoren veks både i Noreg og internasjonalt. Satsinga på ein sirkulær økonomi medfører at mange nye arbeidsplassar blir etablerte, og at arbeidsoppgåvene i såkalla «grøne yrke» blir endra. Det gjeld til dømes yrke innan gjenvinning, resirkulering og fornybar energi.
I dei fleste europeiske land, også Noreg, har det skjedd ei endring i korleis vi ser på avfall. Tidlegare vart avfallet køyrt på deponi, no har auka bruk av resirkulering og gjenvinning ført til store forandringar i korleis avfallet blir samla inn og handtert.
Auka vekst av mikroorganismar
Ein av konsekvensane av kjeldesorteringa som skjer heime hos folk, er at dei ulike delane av søpla blir henta til forskjellige tider. Det har ført med seg lågare innsamlingsfrekvens for nokre avfallstypar. Dette kan gi ein auka vekst av mikroorganismar i avfallet før innsamling, noko som igjen kan føre til auka eksponering via innanding for renovasjonsarbeidarane.
– Døme på faktorar som kan gi redusert eksponering, er ventilasjon i og reingjering av førarhuset i søppelbilen, at avfallet blir henta i forsegla sekker, auka innsamlingsfrekvens og bruk av handsprit, fortel Pål Graff, forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt.
Saman med forskarar ved andre arbeidsmiljøinstitutt i Europa har han gjort ein oppsummering av kunnskapen på feltet.