Methylisothiazolinone (MI) er eit vassløyseleg konserveringsmiddel som hindrar framvekst av mikroorganismar, som bakteriar og muggsopp. Middelet blir ofte brukt i kosmetikk, hushaldsprodukt og andre industrielle produkt inkludert måling, lim og vaskemiddel. Dessverre har MI også vist seg å ha sterkt allergiframkallande eigenskapar.
Mangla oppdaterte tal
I perioden etter at ein starta å tilsetje (MI) i kosmetiske produkt, har talet på personar med kontaktallergi mot MI auka kraftig i land over heile verda.
Likevel oppdaga overlege og STAMI-forskar Jose H. Alfonso og kollegaene hans at det mangla aktuelle og oppdatert data frå Noreg. Dei siste tilgjengelege tala stammar frå perioden 2006 til 2008, og fortel om ein førekomst av MI-kontaktallergi på 2 %.
− Vi bestemde oss derfor for å gjere ein oppfølgingsstudie, for å få oppdaterte tal på kor mange som lid av MI-relatert kontaktallergi i dag, fortel Alfonso.