Avfallet vi kastar i søpla på kjøkkenet, blir henta i bilar og køyrt til ulike typar avfallsanlegg. Dei mest moderne avfallsanlegga sorterer plast-, mat-, og restavfall frå kvarandre automatisk. Det gjer at fleire ressursar kan bli brukt på nytt, etter at vi har kasta det.
Men samtidig betyr det at sopp og bakteriar i avfallet i større grad blir spreidd i lufta i avfallsanlegga, og forskarar ved STAMI har no kartlagt kva dette betyr for arbeidsmiljøet til dei tilsette i anlegga.
– Vi vart kontakta av bedriftshelsetenester på avfallsanlegg, som sa at tilsette hadde ein del sjukefråvær, mellom anna på grunn av tarm- og mageproblem, så vi byrja å kartlegge miljøet i anlegga. Og det er særleg sopp og bakteriar dei tilsette blir eksponerte for, seier STAMI-stipendiat Elke Eriksen, som er førsteforfattar for denne studien i avfallsprosjektet.
Kontakt med avfallet
Dei har tatt prøver på eit nytt, heilautomatisk avfallssorteringsanlegg som handterer avfall frå 95.000 norske hushald.
Men sjølv om det er automatisk, er dei tilsette likevel i kontakt med avfallet når dei skal gjere vedlikehald og reingjering av maskiner. I tillegg løyser dei flokar manuelt, når ting heng seg fast.
Under desse arbeidsoppgåvene hadde dei tilsette på seg luftprøvetakarar for å finne bioaerosolar i lufta.