Norske yrkesaktive er generelt motiverte og trivst på jobb. 9 av 10 seier at dei er fornøgde eller svært fornøgde i arbeidet sitt.
Samtidig viser ei kunnskapsoppsummering gjort i Sverige at skeive, eller LHBT-personar, kan vere meir utsette for faktorar i arbeidsmiljøet som har negativ påverknad på trivsel og helse.
LHBT-personar (lesbiske, homofile, bifile, transpersonar, i tillegg til fleire kjønnsidentitetar og seksuelle orienteringar) opplever fordomsfull åtferd, diskriminering og trakassering på arbeidsplassen.
Slike opplevingar på jobb er forbunde med lågare trivsel og engasjement i jobben, auka risiko for å utvikle symptom på angst og depresjon, søvnproblem og høgare risiko for lengre sjukefråvær.
– Denne kunnskapen er det viktig at leiarar i arbeidslivet er merksame på, for å kunne legge til rette for trivsel og å førebygge sjukefråvær blant tilsette i desse gruppene, seier Hanvold.
Møter fleire fordommar
Det finst i dag lite nasjonale fakta og kunnskap om arbeidsmiljøet til LHBT-personar i Noreg, sjølv om det blir forska stadig meir på det mangfaldige arbeidslivet.
Ein systematisk kunnskapsoppsummering gjennomført av Myndigheten för arbetsmiljökunskap i Sverige i 2022 gir også verdifull innsikt.
I denne kunnskapsoppsummeringa, som er basert på 300 vitskapeleg publiserte artiklar frå heile verda, har forskarane sett nærare på kva positive og negative faktorar LHBT-personar møter i det organisatoriske og psykososiale arbeidsmiljøet.