Slik kan helseklinikkar styrkje arbeidsmiljøet
Ein kjem mykje nærare problema når folk får setje ord på det sjølv.
No kan helseklinikkar styrkje arbeidsmiljøet med verktøyet En bra dag på jobb. Tannlegekontor, dyreklinikkar, legekontor og legevakt, er døme på helseklinikkar i denne samanhengen.
Alle har utfordringar i arbeidsmiljøet sitt, men dei varier frå bransje til bransje. På helseklinikkar er dette dei vanlegaste utfordringane:
- Høge emosjonelle krav
- Høge krav og lite høve til å påverke arbeidet
- Vald, truslar eller uønskt seksuell merksemd
- Uheldige arbeidsstillingar
- Smitte og hygiene
Kvar i all verda skal ein starte for å jobbe med utfordringane i arbeidsmiljøet? Her er verktøyet En bra dag på jobb til god hjelp.
Verktøyet bidreg til å samle leiinga og tilsette til å snakke om sitt eige arbeidsmiljø, finne passande tiltak, og lage ein konkret handlingsplan. Og no finst verktøyet for bransjen helseklinikkar.
Verktøyet finn du her:
En bra dag på jobb: Helseklinikkar
Forsking og dialog med verksemder
Når vi utviklar verktøyet for nye bransjar, ser vi først på forsking og statistikk om kva som er dei mest framståande arbeidsmiljøutfordringane.
I tillegg har vi dialog med leiarar og tilsette i verksemder for å få konkrete døme på korleis dei opplever utfordringane. Og ikkje minst korleis dei førebyggjer og handterer dei.
Då vi utvikla verktøyet for helseklinikkar, snakka vi mellom anna med Randi Ofstad, som er assisterande seksjonsoverlege på legevakta i Oslo.
Emosjonelle krav, vald og truslar
Ho fortel at emosjonelle krav og vald og truslar pregar arbeidskvardagen på legevakta.
– Vi møter menneske som av ulike grunnar er i krise. Nokon er psykisk sjuke og har uføreseieleg åtferd, og vi må fungere i slike stressande og vanskelege situasjonar.
For at dei tilsette skal kjenne seg rusta til å møte slike utfordringar, får dei mellom anna tilbod om tryggleikskurs. Her lærer dei korleis dei kan snakke seg ut av vanskelege situasjonar, men også det å tryggje seg sjølv fysisk ved å gå med alarm.
– Det gjer at ein opplever kontroll, og det skal vere låg terskel for å tilkalle hjelp. Ingen skal måtte oppleve at dei er utrygge på jobb. Det er ikkje sånn at du skal tole alt – du skal gi beskjed og be om hjelp, seier Ofstad.
Vanskeleg å påverke arbeidskvardagen
Ei anna utfordring dei tilsette på legevakta opplever, er høge krav og lite høve til å påverke arbeidet.
– Vi har ein kø som nesten alltid er stor, og det kan vi ikkje påverke. Eg er oppteken av å organisere arbeidet på ein slik måte at ein opplever meistring. Det kan handle om aksept for at ting tek den tida dei tek, eller å søkje støtte hos kollegaer når noko er vanskeleg. Det er viktig å jobbe som eit team.
En bra dag på jobb
Ofstad har nokon tankar om korleis En bra dag på jobb kan bidra til å jobbe med dei nemnde utfordringane.
– Alle arbeidsplassar kan saman identifisere dei ømme punkta deira, basert på eigne erfaringar. Ein kjem mykje nærare problemet når folk får setje ord på det sjølv.
Arbeidsplassar har mykje å vinne på å jobbe for eit godt arbeidsmiljø, og for å få det til er eit godt samarbeid mellom leiinga og tilsette avgjerande.
– Eit godt arbeidsmiljø byggjer seg ikkje sjølv. Det handlar om trivsel for den enkelte og eit system som tek vare på alle saman, seier Ofstad til slutt.
Innlegget Slik kan helseklinikkar styrkje arbeidsmiljøet dukket først opp på STAMI.