STAMI utviklar metodar for å undersøke giftige kjemiske stoff
STAMI bidreg i eit stort forskingsprogram som skal gi meir kunnskap om å vurdere risiko ved kjemiske stoff.
PARC (The Partnership for the Assesment of Risk from Chemicals) er eit stort europeisk program som skal utvikle og innføre nye verktøy og metodar for risikovurdering av kjemikaliar.
Dette blir også kalla Next Generation Risk Assessment eller NGRA. Målet er å verne menneske si helse, og miljøet. I tillegg er målet å redusere og erstatte dyreforsøk.
Omtrent 200 institusjonar i 29 land er partnarar i PARC, saman med dei europeiske regulatoriske styresmaktene: European Chemicals Agency (ECHA), European Food Safety Authority (EFSA) og European Environmental Agency (EEA).
For STAMI har det vore viktig å framheve ulike eksponeringar i arbeidsmiljøet og arbeidstakarar si helse, gjennom å delta i fleire prosjekt i PARC.
STAMI i PARCen
I ein av arbeidspakkane i PARC-programmet jobbar forskarar med å skape ny kunnskap og utvikle nye metodar som skal liggje til grunn for NGRA, dei nye formene for risikovurdering.
For å få til dette utviklar forskarar såkalla New Approach Methodologies (NAMS). Eitt døme på dette er cellekulturbaserte metodar som skal gi nødvendig kunnskap om kjemikaliar sine toksiske – eller giftige – eigenskapar, som ein skal bruke i risikovurdering.
I slike metodar tek ein celler frå levande vev som blir dyrka under kontrollerte forhold i laboratoriet. Dette gir forskarane eit høve til å teste effekten av giftige substansar i menneske- og dyrevev.
Nyleg har ei prosjektgruppe på STAMI bidrege med kunnskapen sin om arbeidsrelatert eksponering og helse, i publiseringa av to nye oversiktsartiklar i regi av PARC.
Gamle og nye metodar for risikoanalyse
- Tradisjonell risikovurdering av kjemiske stoff er tidkrevjande og kostbart, med eit høgt forbruk av forsøksdyr. Resultata er ikkje alltid overførbare til menneske.
- (NAMS) New Approach Methodologies er alle metodar, i laboratoriet eller på datamaskin, som åleine eller i kombinasjon med andre metodar betrar den noverande kjemiske risikovurderinga. Vil på sikt bidra til å redusere eller erstatte dyreforsøk.
- (NGRA) next generation risk assessment er eksponerings- og hypotesedrivne risikovurderingar som inkluderer ein eller fleire NAMS
Studerer soppgifter
Den eine artikkelen handlar om kunnskapen vi har i dag og dei kunnskapshola som vi må tette om dei naturlege giftstoffa (toksin) frå Alternaria-soppane. Alternaria er ein hardfør muggsoppfamilie som veks på mange ulike råmateriale og matavlingar.
Funna i artikkelen vil bidra til å betre det eksisterande kunnskapsgrunnlaget på soppgifter frå soppen.
– I artikkelen bidreg STAMI med kunnskapen sin om arbeidsrelatert eksponering til naturlege toksin, og moglege effektar på arbeidstakarar sin helse, fortel Anne Straumfors, forskar på STAMI og bidragsytar i studien.
Nye metodar for risikovurdering
Vidare har STAMI medverka til ein annan artikkel som handlar om dei nye metodane (NAMS) som blir utvikla i PARC for å kartleggje immunomodulerande eigenskapar av kjemikaliar generelt.
– Immunomodulerende eigenskapar er evna eit stoff har til å påverke immunsystemet negativt eller positivt, forklarer Solveig Krapf. Ho er postdoktor på STAMI og jobbar med oppgåver knytt til PARC.
Funna i denne artikkelen vil gjere oss i stand til å betre forstå grunnlaget for risikovurdering og utforming av grenseverdiar for eksponering.
STAMI skal teste fleire nye metodar spesifikt for å auke kunnskapen om kva konsekvensar det kan ha å bli eksponert for naturlege toksin i arbeidet.
→ Her kan du lese meir om PARC (The Partnership for the Assesment of Risk from Chemicals)
Les vitenskapelige artikler
Innlegget STAMI utviklar metodar for å undersøke giftige kjemiske stoff dukket først opp på STAMI.