Data frå stor folkeundersøking
Forskarane brukte data frå Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) og informasjon frå Statistisk sentralbyrå om yrke og arbeidsstatus. I tillegg brukte dei informasjon om støy i ulike yrke frå ei dansk jobbeksponeringsmatrise, som er eit verktøy for å kategorisere eksponering.
Forskarane undersøkte fleire mål på livstidseksponering for yrkesstøy. Eitt mål var basert på den danske jobbeksponeringsmatrisa og eitt var basert på spørsmål om yrkesstøy som deltakarane hadde svart på.
Deretter såg dei på samanhengen mellom desse støymåla og risikoen for å ha tinnitus meir enn éin time dagleg.
Høyrselstap er viktig mellomledd
− Vi fann ingen samanheng mellom støyeksponering gjennom arbeidskarrieren, rekna ut frå ei jobbeksponeringsmatrise, og risiko for å ha tinnitus over ein time dagleg. Dette tyder på at yrkesstøy ikkje er ein viktig faktor i Noreg i dag når det gjeld utvikling av øyresus. Men − vi justerte ikkje for bruk av høyrselsvern, som kan ha hatt betydning, seier Ina Molaug.
Molaug er stipendiat på STAMI og førsteforfattar av studien.
Forskarane såg også på samanhengen mellom sjølvrapportert støyeksponering og risiko for tinnitus. Her var det ein samanheng, men berre for deltakarar som også hadde eit høyrselstap.
− Mange har lurt på om ein kan få tinnitus sjølv om ein ikkje har ein høyrselsskade. Funnet vårt tyder på at høyrselstap er eit viktig mellomledd i samanhengen mellom støy og tinnitus, konkluderer Molaug.